Presseinvitasjon: Næringsministeren til Trondheim
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 03.05.2018
Måndag 7. mai reiser næringsminister Torbjørn Røe Isaksen til Trondheim for å delta på havkonferansen Ocean Week 2018.
Her skal han halde eit innlegg om regjeringas satsing på havet.
- Havet har alltid vore viktig for Noreg, og havnæringane har betydd mye for arbeidsplassane og for vekst i økonomien. Havområda våre byr på enorme mogelegheiter også i framtida, seier Røe Isaksen.
Program
Kl 10:10 Innlegg på Ocean Week 2018. Stad: Clarion Hotel & Congress.
Kl 11:10: Paneldebatt med Jonas Gahr Støre i Arbeiderpartiet, Patrick Waldemar i Telenor og Anne Marit Panengstuen i Siemens. Tema: Korleis kan Noreg fortsette å vere i front på teknologi og utvikling? Kva slags mogelegheiter er det for industrien, politikarane og forskarane? Stad: Clarion Hotel & Congress.