Historisk arkiv

Presseinvitasjon: Toppmøte om teknologi i Trondheim

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Måndag 3. september inviterer statsministeren, næringsministeren og forskings- og høgare utdanningsministeren til teknologitoppmøte hos NTNU i Trondheim. Pressa er velkomen til å delta.

- Noreg ligg i verdstoppen i bruk av ny teknologi. Samtidig melder mange norske små og mellomstore bedrifter at det er krevjande å ta dette i bruk, blant anna fordi dei manglar rett kompetanse og kapasitet. Derfor ønsker vi perspektiva til næringslivet på digitalisering og avansert produksjon, seier statsminister Erna Solberg.

Måndag formiddag inviterer Solberg, saman med Torbjørn Røe Isaksen og Iselin Nybø, toppene i norsk næringsliv til eit møte på NTNU for å diskutere digitalisering og banebrytande teknologiar. Eit tema under møtet blir også den nye rapporten frå Digital21-gruppa, som gir 64 anbefalte digitaliseringstiltak.

- Norske bedrifter må ta i bruk dei nyaste teknologitrendane, for ikkje å gå ut på dato. Denne digitaliseringsstrategien gir oss mange anbefalingar for korleis regjeringa kan hjelpe næringslivet med nettopp det. Det blir viktig for arbeidsplassane i framtida og for å sikre et berekraftig velferdssamfunn, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

IKT og digitalisering er det området som får mest offentlege pengar til forsking og utvikling i Noreg i dag. I 2017 blei det for eksempel gitt rundt 1,2 milliardar kroner i offentleg støtte til forsking og utvikling på IKT-området gjennom Forskingsrådets program.

- Skal vi få mest mogleg ut av potensialet i digitaliseringen, må næringslivet ha tilgang til kunnskap og kompetanse av høg kvalitet. I den reviderte Langtidsplanen for forskning og høgare utdanning som regjeringa legg fram om nokre veker, vil digitalisering vere eit gjennomgåaende tema, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø.

Program:

Kl. 09.45: Statsministeren, næringsministeren og forskings- og høgare utdanningsministeren møter studentar ved NTNU. Adresse: Realfagbygget, Høgskoleringen 5.

Kl. 10.00: Solberg, Røe Isaksen, og Nybø inviterer til toppmøte om digitalisering og banebrytande teknologiar på NTNU i Trondheim.

Pressa kan vere til stades under første del av møtet til kl. 10.40, og under oppsummeringa frå kl. 11.50. Statsministeren og andre møtedeltakarar vil vere tilgjengelege for presse etter møtet, om lag kl. 12.00. Ta med pressekort og godkjend ID. Oppmøte ved: Hovudinngangen til realfagbygget, Høgskoleringen 5.

Pressekontaktar: