Presseinvitasjon:
Skal diskutere konkurransen i daglegvaremarknaden
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 05.04.2018
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen samlar bransjen, organisasjonar og styresmakter for å diskutere konkurranseforholda i daglegvarebransjen.
Er prisregulering ein god idé? Eller bør marknaden få ordne opp sjølv? Det er to av spørsmåla næringsministeren vil diskutere under konferansen om konkurranseforholda i daglegvaremarknaden.
- Ingen som handlar i butikken liker å betale for mykje. Regjeringa er bekymra for konkurransen, både blant dagligvarekjedene og blant leverandørane. Effektiv konkurranse i denne marknaden er viktig. Difor er det nyttig at bransjeaktørar og styresmakter kjem saman for å diskutere korleis vi kan sikre at konkurransen fungerer, seier nærings- og konkurranseminister Torbjørn Røe Isaksen.
Kva: Nærings- og fiskeridepartementets konferanse om konkurransen i daglegvarebransjen.
Kor: Stratos, Youngstorget 2 A, Oslo
Når: Måndag 9. april 2018 klokka 9.30 – 15.00
(Næringsministeren er til stades klokka 10.00-12.00)
Førehandsregistrering (berre for presse): media@nfd.dep.no
Program
09.30 Registrering og enkel servering
10.00 Opning av konferansen v/næringsminister Torbjørn Røe Isaksen
10.15 Presentasjon av rapport om etableringshindringar v/Oslo Economics
10.45 Har ulike innkjøpspriser effekt på konkurransen?
Innlegg frå Norgesgruppen, Kolonial.no, + en ytterligare innleier
Kommentar frå Ronny Gjendemsjø v/UiB.
Spørsmål/samtale
11.45 Minglelunsj
12.30 Fører marknadsmakt i distribusjon til avgrensa konkurranse mellom daglegvarekjedane?
Innlegg frå Synnøve Finden, Virke og Norsk landbrukssamvirke.
Kommentar frå Irene Halvorsen, sjefsredaktør i Nationen
Spørsmål/samtale
13.30 Er det behov for politiske tiltak?
Innlegg frå DLF, Forbrukerrådet, Konkurransetilsynet og Circle K
Kommentar frå Ivar Pettersen, forskar ved Nibio
Spørsmål/samtale
Konferansen avsluttast om lag klokka 14.30-15.00