Historisk arkiv

Fiskeri- og sjømatministeren opnar BlueFish i Ålesund

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

Fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik opnar fiskerimessa BlueFish i Ålesund tirsdag 3. september. Han skal og halde innlegg om kvotemeldinga for Norsk Sjømannsforbund.

Nesvik startar dagen hos Norsk Sjømannsforbund, der han skal halde innlegg om den nyleg framlagde kvotemeldinga.

Vidare går turen til offisiell opning av sjømatmessa Bluefish. Den arrangerast for andre gong, og har som mål å samle nasjonale og internasjonale aktørar for heile næringa.

– Det er alltid gledeleg å sjå og oppleve initiativ som både samlar og viser fram breidda i sjømatnæringa. Dette er ei eksportnæring i kraftig vekst, og som no har passert 100 milliardar i verdiskaping. Her kan man møte mange av dei som står bak verdiane, seier fiskeri- og sjømatministeren.


Program

09.30 – 11.00     Norsk Sjømannsforbund (Tollbugata 8)

12.00 – 13.30 Opningsinnlegg og besøk på BlueFish (Sjømannsvegen 16)