Presseinvitasjon:
Fiskeri- og sjømatministeren til Brussel
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 05.12.2019
Fiskeri- og sjømatministeren Harald T. Nesvik møter EUs nye fiskerikommissær Virginijus Sinkevičius torsdag 12. desember 2019.
– Eg ser fram til å møte den nye EU-kommissæren for miljø, hav og fiskeri. Noreg og EU har i fleire tiår hatt eit tett og godt forvaltingssamarbeid om fiskeri, seier fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik.
Den nye EU-kommisjonen tiltrådte 1. desember i år. Torsdag møter Nesvik EUs nye fiskekommissær.
– EU er ein nær handelspartnar og vårt største marknad for sjømat. Kommissær Sinkevičius vil ha ei sentral rolle i oppfylginga av den nye EU-kommisjonens arbeid med å sette i verk blant anna EUs fiskeripolitikk, den blå økonomien og tiltak mot ulovleg, uregistrert og urapportert fiske. Eg ønsker å føre vidare det godt etablerte samarbeidet vi har hatt i ei årrekke, sier Nesvik.
Brexit vil verka inn på fiskerisamarbeidet mellom Noreg og EU. Vårt framtidige fiskerisamarbeid, i tillegg til den nye EU-kommisjonens nye strategi og mål for EU, er blant temaa som står på agendaen for møtet.