Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Fiskeri- og sjømatministeren til Orkdal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik stemplar inn på fiskeforedlingsfabrikken Isfjord Norway onsdag neste veke.

-Sjømatnæringa skaper mange arbeidsplassar, og er viktig for lokalsamfunn i heile landet vårt. Kvar dag går fleire tusen personar til ein jobb i denne næringa. Eg gler meg til å jobbe saman med dei tilsette hos Isfjord, seier fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik.

Fiskeri- og sjømatministeren ba tidlegare i år bedrifter i sjømatnæringa om å invitere han til ein arbeidsdag. Nesvik har mellom anna jobba på ein klippfiskbedrift, som linefiskar, på ein reketrålar og på oppdrettsanlegg. Nå står Midt-Noreg for tur, og onsdag 25. september kjem han til Isfjord-fabrikken i Orkdal.

Isfjord har rundt 160 tilsette. Bedrifta foredlar laks og aure, og ein del av dette er produksjonsfisk frå norske oppdrettarar. Isfjord flytta nyleg inn i ny fabrikk på Orkdal, og her produserer bedrifta røykte, ferske og frosne fiskeprodukt for daglegvarekjeder i Noreg og Sverige.

Du kan lese meir om Isfjord her.

Når: Onsdag 25. september, 10:00-13:00. Pressa kan delta på den fyrste arbeidsøkta og orientering/lunsj (fram til ca klokka 12).

Kor: Isfjord Norway, Grønørveien 30, Orkdal.