Presseinvitasjon:
Fiskeriministeren signerer lakseavtale med Kina
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 19.05.2019
To sjømatavtaler blir signerte måndag 20. mai. Signeringa skjer i samband med besøk frå Kinas veterinær- og tollminister.
- Kina er ein av våre største vekstmarknader. Desse avtalane er viktige for norske sjømatbedrifter. Auken i sjømatkonsumet i Kina er større enn heile den årlege produksjonen i Noreg. Det seier litt om kor viktig dette landet er, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik.
Måndag signerer fiskeriministeren lakseprotokollen med Kinas toll- og veterinærminister Ni Yuefeng. Avtalen blei første gong signert i Kina i 2017. Lakseprotokollen varer i to år, og bidrar til at handelen med laks blir meir føreseieleg.
Noreg og Kina er også blitt einige om ein avtale som skal medverke til å sikre marknadsåtgang i Kina for norsk fiskemjøl og – olje. Det er stor interesse for handel med slike varer, både hos norske og kinesiske aktørar. Protokollen blir signert av adm. direktør Harald Gjein i Mattilsynet.
Pressa kan ta bilete av signeringa, og fiskeriministeren er tilgjengeleg for kommentarar i etterkant.
Journalistar som ønsker å delta må melde seg på til media@nfd.dep.no Hugs ID.
Når: Måndag 20. mai, kl. 10:30.
Kor: Nærings- og fiskeridepartementet, Kongensgate 8.
Du kan lese meir om besøket frå den kinesiske delegasjonen her.