Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Fiskeriministeren til Hitra og Frøya

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Undervisning på Guri Kunna, bedriftsbesøk og utekontor står på programmet når fiskeriminister Harald T. Nesvik besøker Hitra og Frøya måndag 2. september.

- Det er mange som søker seg til dei blå faga. Det er bra, for sjømatnæringa treng fleire kloke hovud og flinke hender. Eg gler meg til å møte elevane på Guri Kunna, og til å treffe folk og bedrifter på Hitra og Frøya, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik.

Fiskeriministeren startar dagen på Guri Kunna. Her skal han undervise elevar ved skulen. Nesvik skal også besøke Hitramat, og ha utekontor.

- Sjømatnæringa skaper arbeidsplassar og aktivitet i heile landet. Eg vil vere der folk bur og jobbar. Tanken bak utekontor er at dette skal vere ein møteplass der folk kan ta opp smått og stort over ein kopp kaffe, eit slags ope møte der dei frammøtte styrer tema, seier Nesvik. 

Program:

12:00-13:00: Undervisning på Guri Kunna, kinosalen på Frøya Kultur og kompetansesenter.

13:00-14:00: Utekontor, Rabben Marina, Frøya.

14:30-16:00: Besøk til Hitramat, Hitra fiskerihamn.