Statsbudsjettet 2020:
Havlaboratoriet Noreg
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 07.10.2019
Noreg har blitt, og skal fortsatt vere, eit laboratorium for innovative blå næringar og grøn ferdsel til havs. Regjeringa si ambisjon for havpolitikken er at Noreg skal vere ein leiande havnasjon, og dette følgast opp i statsbudsjettet for 2020.
I juni la regjeringa fram sin oppdaterte havstrategi, Blå moglegheiter. I strategien er tre områder trekt fram som særskilt viktige i regjeringa sitt vidare arbeid på hav: kompetanse og digitalisering, regional og lokal verdiskaping, og klima og grøn skipsfart. I statsbudsjettet for 2020 følger regjeringa opp ambisjonen om at Noreg skal vere ei leiande havnasjon.
Grøn skipsfart
Budsjettet følger blant anna opp regjeringa si handlingsplan for grøn skipsfart, der målet er å bidra til at utsleppa frå innanriks skipsfart og fiske blir halverte innan 2030. I statsbudsjettet er innsatsen innan grøn skipsfart styrka med til saman 100 millionar kroner retta mot snøggbåtar og lasteskip. I tillegg til å gje nye moglegheiter for maritim næringsutvikling vil satsinga også være eit viktig tiltak innanfor klimapolitikken.
- Satsinga på grøn skipsfart gir kraft bak målet at klimautsleppa frå innanriks skipsfart og fiske skal halverast innan 2030, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).
CO2-handtering
Regjeringa har ein ambisjon om å realisere ei kostnadseffektiv løysing for fullskala CO2-handtering i Noreg, gitt at det gir teknologiutvikling i eit internasjonalt perspektiv. Eit CO2-lager i Nordsjøen er ein sentral del av denne satsinga. Regjeringa føreslår å sette av 215 millionar kroner i 2020 til industriaktøranes arbeid med prosjektet.
- Regjeringa har ein ambisjon om å realisere ei kostnadseffektiv løysing for fullskala CO2-handtering i Noreg under føresetning om at dette medføre teknologiutvikling i eit internasjonalt perspektiv. Forslaget til statsbudsjett legg til rette for nødvendig framdrift fram mot investeringsvedtak, seier olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg.
Ocean Space Laboratories
Regjeringa går vidare i arbeidet med å realisere Ocean Space Laboratories og foreslår 55 millionar kroner til forprosjektet. Forprosjekteringa av bygg og utstyr starter i 2020 og vil halde fram i 2021. Planen er å bygge forskingsbasseng, strøymingstank, energi- og konstruksjonslaboratorium og undervisningslaboratorium. I tillegg kjem eit fjordlaboratorium, med måleutstyr for studium av miljø og reiskap i sjøen utanfor Ålesund, Hitra/Frøya og Trondheimsfjorden. Laboratoria gjer havnæringane meir produktive gjennom teknologiutvikling og spreiing av kunnskap.
- Statsbudsjettet for 2020 bygger på at det er kunnskap og teknologi som støttar opp om vidare berekraftig jobb- og verdiskaping i havnæringane, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).
Hav og kystøkologi
Regjeringa foreslår å styrkje overvakingsinnsatsen langs kysten med 10 millionar kroner. Vidare blir det foreslått å løyve 5 millionar kroner til auka innsats mot marin forsøpling.
- For å vere i stand til å utnytte dei store moglegheitene for verdiskaping som ligg i havet og- kystområda våre treng vi meir kunnskap.Formålet er å auke beredskapen for å kunne bistå næringa med informasjon om til dømes algeoppblomstring, på eit tidleg tidspunkt. Regjeringa vil også bidra til at meir avfall i havet kan bli samla inn og levert vederlagsfritt i fleire hamner enn i dag, seier fiskeri- og sjømatminister Harald Tom Nesvik (FrP)
Hav i bistandspolitikken
Regjeringa satsar på hav med ei styrking av arbeidet for hav og klima i bistandspolitikkenMålet med havsatsinga er ein meir berekraftig forvalting av havets ressursar, betre vern av marine økosystem og redusert marin forsøpling i utviklingsland.
Klima, miljø og hav er blant regjeringas hovedsatsingsområde for internasjonalt utviklingsarbeid. Regjeringa foreslår derfor å trappe opp havsatsinga med 100 millioner kroner til arbeidet med klimatilpassing, førebygging og kamp mot svolt, seier utviklingsminister Dag-Inge Ulstein (KrF).
Regjeringa følgjer og opp langtidsplanen for forsking og høgare utdanning ved å støtte kunnskapsinnhenting gjennom kystkartleggjing, forsking og kartleggjing i Arktis og Antarktis.