Presseinvitasjon:
Nett-TV: Legg fram regjeringa si kvotemelding
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 18.06.2019
Fiskeriminister Harald T. Nesvik legg fredag 21. juni fram regjeringa si stortingsmelding om nytt kvotesystem for fiskeria.
Legg fram regjeringas kvotemelding
Sjå sendinga her
Kvotesystemet inneheld reglar for kven som kan fiske, korleis dei kan fiske og kor mykje dei kan fiske.
- Kvotesystemet er opp gjennom åra blitt eit lappeteppe av forskjellige ordningar. Dei fleste er einige i at det er på tide å forenkle og modernisere dette systemet, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik.
Fiskeriministeren vil presentere tiltaka i meldinga, og det vil også vere mogleg å følgje presentasjonen på nett-tv her, eller på Facebook.
Husk pressekort eller ID.
Kva: Stortingsmelding om nytt kvotesystem for fiskeria.
Tidspunkt: Fredag 21. juni kl 12:00.
Kor: Møterom Rjukan, Kongensgate 8, Oslo.
Påmelding for presse: media@nfd.dep.no