Historisk arkiv

Invitasjon:

Opne møter om kvotemeldinga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Fiskeriminister Harald T. Nesvik (FrP) besøker Vestlandet 13.-16. august. I samband med besøket vil det bli to opne møter med fiskeriministeren om regjeringas stortingsmelding Et kvotesystem for økt verdiskaping. Meldinga ble lagt fram 26. juni i år.

Nye fiskeriløyve, vidareføring av strukturkvoteordninga og ein ny marknadsplass for utveksling av kvotar er blant tiltaka i den nye kvotemeldinga.

- Tiltaka vi foreslår i kvotemeldinga vil gjere systemet mindre krevjande for næringa og forvaltninga. I tillegg vil det bli meir fleksibelt, meir transparent og lettare å forstå. Målet er framleis berekraftig forvaltning, auka verdiskaping i fiskerinæringa, betre utnytting av heile fisken og aktivitet langs heile kysten. Samtidig er det viktig at dei som blir berørde får høve til å seie kva dei synest om forslaga, seier Nesvik.

Tirsdag 13. august kl. 10.00 – 11.00
Kva: Ope møte om kvotemeldingen
Stad: Åkrehamn trålbøteri avdeling Husøy (Fiskerihavnen på Karmøy)

Torsdag 15. august kl. 17.30 – 18.30
Kva:
Ope møte om kvotemeldingen
Stad: Knutholmen , 6729 Kalvåg

Les meir om kvotemeldinga her