Historisk arkiv

Presseinvitasjon: Fiskeriministeren til verdas største sjømatmesse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

Fiskeriminister Harald T. Nesvik reiser til Brussel tysdag 7. og onsdag 8. mai for å møte norske verksemder og internasjonale kollegaer på sjømatmessa Seafood Expo Global.

Fiskeriministeren på Aker Brygge

– Norsk sjømatnæring er i sterk vekst og 2018 var nok eit rekordår for sjømateksporten. God marknadsåtgang og godt marknadsarbeid frå sjømatbedriftene er difor viktig for Noreg, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik.

Sjømatmessa i Brussel er verdas største, og i år er det venta over 28.000 besøkande. Til saman møtes representantar frå meir enn 75 land, og om lag 90 norske verksemder vil vere til stades.

– Dette er ein viktig arena for sjømatnæringa, og Noreg er godt representert på messa. Vi eksporterer ikkje berre sjømat, men óg teknologi og utstyr til ein fiskeri- og havbrukssektor i vekst.

I tillegg til å besøke messa skal Nesvik møte Karmenu Vella, EU-kommisær for miljø, maritime saker og fiskeri, samt Islands fiskeriminister.

– Europa er vår viktigaste markand og EØS-avtalen er garantisten for åtgang til den europeiske marknaden, seier Nesvik.

Oversikt over deltakerar finn du her.

For fleire detaljar om programmet ta kontakt med kommunikasjonsrådgjevar Hanne Steensnæs, tlf. 909 22 778.