Presseinvitasjon: Noreg og EU skal forhandle om fisk i Bergen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 01.12.2019
Måndag møtast Noreg og EU for å forhandle fiskeriavtalen for neste år. Avtalen har ein verdi på om lag 8 milliardar kroner.
– Avtalen med EU er viktig for Noreg. Saman kan vi sikre ansvarleg forvaltning av fiskebestandane i Nordsjøen. I år fokuserer vi særleg på forvaltning av torsk og tiltak som skal beskytte torskeyngel og småfisk i Nordsjøen, seier fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik.
Første del av forhandlingane fann stad i London førre veke. Nå held dei fram i Bergen. Partane må bli einige om ein avtale innan 6. desember.
Fiskeriavtalen og brexit
Norsk fiskeripolitikk og forvaltning er ikkje ein del av EØS-avtalen. Derfor forhandlar vi kvart år med EU om ein fiskeriavtale. Det har vi gjort i over 40 år.
Dersom Storbritannia forlét EU 31. januar med ein avtale, vil fiskeriavtalen partane skal forhandle om i Bergen også gjelde for Storbritannia for heile 2020.
Etter brexit må Noreg forhandle med både Storbritannia og EU som sjølvstendige partar. Det betyr i praksis at det blir tre aktørar som saman må forvalte felles fiskebestandar i Nordsjøen.
Todelt avtale
Fiskeriavtalen har to delar. Den første delen av avtalen handlar om forvaltning av felles fiskebestandar som torsk, hyse, sild og sei i Nordsjøen og Skagerrak.
Den andre delen av avtalen handlar om kvotebytte. Kort forklart får EU torsk-, sei- og hysekvote i Barentshavet og nokre kvoter i Nordsjøen. Noreg bytter til seg kolmule, lange/brosme, blåkveite og andre bestandar i EU-farvatn. I tillegg får vi delar av EU si kvote i Grønlands farvatn, blant anna blåkveite, uer og lodde.
Kva: Fiskeriforhandlingar mellom Noreg og EU.
Når: Måndag 2. desember kl 14:00.
Kor: Fiskeridirektoratet, Strandgaten 229, Bergen.
Pressa kan delta i starten av møtet. Journalistar som ønsker å dekke bør møte opp i god tid. Påmelding til media@nfd.dep.no