Historisk arkiv

Presseinvitasjon: Røe Isaksen legg fram ny eigarskapsmelding

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen legg fram regjeringa si nye eigarskapsmelding fredag 22. november.

Førre eigarskapsmelding kom i 2014.

Nærings- og fiskeridepartementet har det overordna ansvaret for regjeringas eigarskapspolitikk. Stortingsmeldinga «Statens direkte eierskap i selskaper – Bærekraftig verdiskaping» inneheld mellom anna ein gjennomgang av selskapa med statleg eigarandel.

– Selskapa står for store verdiar. Difor må eigarskapet framleis forvaltas på ein profesjonell og ansvarleg måte, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Staten eig i 73 selskap og eig om lag ein tredjedel av verdiane på Oslo Børs. I dei 24 selskapa kor staten som eigar har mål om høgast mulig avkastning over tid var verdien av statens eigarandelar 833 milliardar kroner ved utgangen av 2018. I tillegg har staten eigarinteresser i nærmare 50 selskap av ulike sektorpolitiske formål.

Mange av selskapa betalar store utbytter til staten, som er med på å finansiere velferdssamfunnet. 

Påmelding


Påmelding: media@nfd.dep.no. Oppmøte 10 minutt før presentasjonen. Hugs ID med foto.

  • Kvar: Nærings- og fiskeridepartementet, Kongens gate 8
  • Når: Fredag 22. november klokka 12.00-13.00

Nett-tv Røe Isaksen legg fram ny eigarskapsmelding

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her