Presseinvitasjon: Røe Isaksen til Stavanger
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 15.11.2019
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen reiser til Stavanger tysdag 19. november, for å vere med på olje og gasskonferansen til LO.
Røe Isaksen vil vere med i ein paneldiskusjon om "Norsk olje og gassproduksjon: Rammebetingelsar, utvikling og framtid", med NHO-sjef Ole Erik Almlid, Arbeiderpartiets leiar Jonas Gahr Støre og LO-leiar Hans Christian Gabrielsen.
– Olje- og gassnæringa betyr mykje for norsk næringsliv. Den er leiande innan kompetanse og teknologiutvikling, den skapar arbeidsplassar over heila landet og skaper store inntekter til fellesskapet. Det skal den fortsette å gjere, seier Røe Isaksen.
Etter samtalen blir det ein spørsmålsrunde frå salen på 30 minuttar.
Stad: Clarion Hotell Stavanger, Arne Rettedals gate 14
Tidspunkt: 14.30 – 16.00