Statsbudsjettet 2020:
Vil styrke overvakinga av algeoppblomstringar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 07.10.2019
Regjeringa foreslår å styrke overvakinga langs kysten med 10 millionar kroner. Formålet er å styrke overvakinga av hav- og kystøkologien særleg med tanke på algeoppblomstringar i fjordane.
Algeoppblomstringa i Nord-Noreg i vår ramma oppdrettsnæringa og lokalsamfunna hardt og store verdier gikk tapt.
– For å vere i stand til å utnytte dei store moglegheitene for verdiskaping som ligg i hav- og kystområda våre treng vi meir kunnskap. Vi må ha betre beredskap slik at vi kan bistå næringa med informasjon, om til dømes algeoppblomstring, på eit tidlig tidspunkt, seier fiskeri- og sjømatminister Harald Tom Nesvik (FrP).
Regjeringa foreslår å styrke Havforskingsinstituttet sitt budsjett med 10 millionar kronar. Pengane skal brukast til å samle inn meir data frå kysten og fjordane.