Historisk arkiv

Fiskeri- og sjømatministeren til London

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

Brexit, fiskeriforvaltning og sjømathandel er tema når fiskeriminister- og sjømatminister Geir-Inge Sivertsen møter sin britiske kollega George Eustice onsdag.

For første gong møter fiskeri-  og sjømatminister Geir-Inge Sivertsen sin britiske kollega George Eustice. På agendaen står mellom anna korleis brexit vil påverke forvaltning av fisk og handel med sjømat.

– Med Storbritannia ute av EU går Norge frå å møte ein til to motpartar i Nordsjøen. Difor vil vi starte dei trilaterale forhandlingane om våre felles bestandar så fort som mogeleg, seier Sivertsen.

Dagens fiskeriavtale med EU omfattar forvaltninga av fellesbestandar i Nordsjøen, om gjensidig soneåtgang for fiske av ulike fiskeslag og om kvotebytte.

Viktig marknad

 I 2019 blei det eksportert 159.000 tonn sjømat til Storbritannia, til ein verdi av 6,4 milliardar kroner. Det gjer Storbritannia til den femte største marknaden for norsk sjømat.

– Samstundes vil vi arbeide for at handelen kan fortsette som i dag, og for at marknadsåtgangen for sjømat til Storbritannia blir den same, seier Sivertsen.

Program

14.00    Møte med George Eustice, Minister of State, DEFRA