Presseinvitasjon
Fiskeri- og sjømatministeren til Trondheim
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 18.08.2020
Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen besøker Trondheim onsdag 19. til fredag 21. august.
Onsdag skal Ingebrigtsen delta på eit lunsjmøte i regi av Sparebank1 og Sands advokatfirma. Tema er «Havbruksnæring og verdiskaping – har det noko å seie for verdiskaping og sysselsetting at næringa har eigarar som bur i landet eller regionen vår?».
Torsdag deltek Ingebrigtsen på Nor Fishing. I år er messa digital, med faglege debattar, reportasjar og utstillarar.
– Nor Fishing er ein viktig møteplass for fiskeri- og sjømatnæringa. I år blir det ei annleis messe, men eg ser fram til å være med på å være med på å markere Nor Fishing sitt 60- årsjubileum, seier fiskeri- og sjømatministerminister Odd Emil Ingebrigtsen.
Statsråden skal også markere at OPS Sjømat er i gong. Dette er eit samarbeid mellom næringa og det offentlege. Prosjektet skal legge til rette for forenkling og effektivisering, særleg gjennom digitalisering.
Onsdag 19. august
12:00-13:30: Lunsjmøte Sparebank1/Sands advokatfirma, Scandic Nidelven, Havnegata 1-3.
16:00: Møte med Fiskarlaget, Havnegata 9.
Torsdag 20. august
10:00-10:20 Innleiing, Nor Fishing, Hotel Clarion, Brattørkaia 1.
11:00-12:00: Signering av avtale om OPS Sjømat, Hotel Clarion.
13:45-14:15: Paneldebatt, Hotel Clarion.
Fredag 21. august
11:30-12:30 Besøk til NTNU, presentasjon av droneprosjektet som skal overvake algar.