Førebels kvote på 100.000 tonn makrell i 2021
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 18.12.2020
- Det er viktig for den norske næringa at fiskeriet kan starte opp allereie ved starten av året. Ved å setje ein førebels makrellkvote tar vi omsyn til dei som har behov for det. Så kan vi få gjere ferdig norsk kvote når dei ulike forhandlingane som dannar grunnlaget for ein endeleg norsk kvote er avslutta, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.
Det blir lagt opp til ei avsetning på 955 tonn til forskings- og undervisningsformål, 647 tonn til rekrutteringskvoter og 650 tonn til agn. Vidare blir det lagt opp til at prøveordninga for kvotebelastning som følgje av fangst utover kvote samt prøveordning for fiske av makrell med snurrevad blir vidareført ei stund til noko før dei blir evaluerte.
Lukka gruppe kyst blir regulert som ei gruppe i 2021, på same måte som i 2020.