Revidert nasjonalbudsjett
Meir pengar til klimavenlege investeringar i Nysnø
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 12.05.2020
Regjeringa foreslår å styrke Nysnø Klimainvesteringer AS med ytterlegare 300 millionar kroner i 2020. Det inneber at Nysnø får totalt 1 milliard kroner i 2020 til grøne investeringar.
– Dette betyr at Nysnø kan investere i fleire bedrifter som utviklar ny, klimavennleg teknologi. Det er viktig for det grøne skiftet. Tiltaket gjer det mogleg for fleire bedrifter som jobbar med klimavennleg teknologi å kome styrka ut av koronakrisa, seier næringsminister Iselin Nybø.
Nysnø vart stifta i desember 2017 som Fornybar AS. Selskapet held til i Stavanger og skal bidra til reduserte klimagassutslepp gjennom lønsame investeringar, saman med private investorar.
Nysnø kan investera i ikkje-børsnoterte selskap og fond retta mot slike selskap, med verksemd i eller ut frå Noreg. Kapitalen i selskapet skal byggast opp over tid. Nysnø er førebels tilført 1 425 millionar kroner, og med ytterlegare 300 millionar kroner i 2020 vil forvaltningskapitalen auke til 1 725 millionar kroner.