Statsbudsjettet 2021:
Meir pengar til klimavenlege investeringar i Nysnø
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 07.10.2020
Regjeringa foreslår å styrkje Nysnø Klimainvesteringer med ytterlegare 700 millionar kroner i 2021.
– Dette betyr at Nysnø kan investere i fleire bedrifter som utviklar ny, klimavenleg teknologi. Det er viktig for det grøne skiftet. Tiltaket gjer det mogleg for fleire bedrifter som jobbar med klimavenleg teknologi å kome styrkt ut av koronakrisa, seier næringsminister Iselin Nybø (V).
Gjennom statsbudsjettet vil regjeringa leggje til rette for at næringslivet kan skape grøne jobbar og ei meir berekraftig framtid.
Nysnø er førebels tilført 1 725 millionar kroner, og med ytterlegare 700 millionar kroner i 2021 vil forvaltingskapitalen auke til 2 425 millionar kroner.
Fakta om Nysnø
- Nysnø vart stifta i desember 2017 som Fornybar AS. Selskapet held til i Stavanger og skal bidra til reduserte klimagassutslepp gjennom lønsame investeringar, saman med private investorar.
(Kobling: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/styret-i-fornybar-as-klart/id2582995/) - Nysnø kan investere i unoterte selskap og fond retta mot slike selskap, med verksemd i eller ut frå Noreg. Kapitalen i selskapet skal byggast opp over tid.
(Kobling: https://www.nysnoinvest.no/) - Nysnø har per september 2020 investert i selskap som Otovo, eSmart Systems, Disruptive Technologies, NorSun, ZEG Power og Thorvald, og i fond som Sarsia, Arctern Ventures og Alliance Venture.