Presseinvitasjon:
Møte om rømming og fiskevelferd med havbruksnæringa
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 01.10.2020
Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen har måndag 5. oktober invitert næringsorganisasjonane til møte for å drøfte utfordringane med rømming og fiskevelferd i havbruksnæringa.
- Rømming og fiskevelferd er av dei viktige miljøutfordringane for havbruksnæringa. Det er i alle oppdrettarar si interesse at det rømmer færrast mogeleg fisk, og at fisken er sunn og har det godt. Eg har derfor invitert næringa til eit møte for å diskutere korleis ein kan bli enda betre på desse områda, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.
Representantar frå Sjømat Noreg, Sjømatbedriftene, Norsk Industri og Kystrederiene er inviterte til møtet. Fleire av deltakarane vil delta digitalt.
Tid: kl. 13:00 - 15:00, 5. oktober 2020
Det blir høve for journalistane til å følge møtet digitalt. Påmelding på e-post innan måndag 5. oktober kl. 10.00: media@nfd.dep.no