Næringsminister Iselin Nybø til Geiranger
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 04.03.2020
Iselin Nybø opnar Grøn Fjord konferansen i Geiranger onsdag 11. mars
I år er tema for konferansen " Klimavenlege og berekraftige verdsarvfjordar; betyr det tomme fjordar og fråflytting eller kan det gje oss nye forretningsmodellar og arbeidsplassar?"
- Regjeringas politikk for reiselivsnæringa har høgare verdiskaping og auka lønsemd som mål. Ein viktig føresetnad er sjølvsagt at utviklinga skal skje på ein berekraftig måte. Dette er ei viktig næring som har eit stort potensiale, hvis vi gjer dei rette grepa . Eg ser fram til å delta på Grøn fjord konferansen der miljø og reiselivets betydning for lokalsamfunnsutvikling er satt på dagsorden, seier næringsminister Iselin Nybø (V).
Næringsministeren og øvrige konferansedeltakarar reiser med MS Geirangerfjord II frå Ålesund til Geiranger kvelden før, tirsdag 10. mars.
Presse er velkomen til å delta.
Program Grøn Fjord konferanse.
Kor: Hotel Union Geiranger
Når: 11. mars kl. 08.30
Pressekontakt: Ella Bye, tlf 932 68350