Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Fiskeri- og sjømatministeren til Austevoll

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen besøker Austevoll fredag 29. mai.

– Austevoll er ein viktig fiskerikommune. Dette er min første tur til Austevoll nokon sinne, og mitt første besøk til Vestlandet som fiskeri- og sjømatminister. Eg ser fram til å møte folk og næring, og håpar og trur eg vil få mange gode samtalar, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.  

Møte med elevar, unge fiskarar, næringa og Havforskningsinstituttet står på programmet når Ingebrigtsen besøker Austevoll.

Program

08:30 Ope møte med unge fiskarar i Austevoll, Bekkjarvik

09:30 Ope møte med fiskerinæringen i Austevoll, Bekkjarvik Gjestgiveri

11:00 Besøk til Havforskningsinstituttet sin forskningsstasjon.

12:30 Besøk til Austevoll vidaregåande skule og Austevoll Opplæringskontor.

13:30 Møte med Austevoll Seafood, Lerøy og Havfisk.

Av omsyn til smittevern ber vi om at presse som ønsker å dekke besøket melder seg på til media@nfd.dep.no