Møter EUs fiskerikommissær om brexit
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 21.06.2020
Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen skal diskutere samarbeidet etter brexit med EUs fiskerikommissær på måndag.
– Eg ser fram til å møte EU-kommissæren for miljø, hav og fiskeri. Noreg og EU har i fleire tiår hatt eit tett og godt samarbeid om fiskeri. Dette skal førast vidare etter Brexit, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.
Måndag har Ingebrigtsen eit videomøte med EUs fiskekommissær Virginijus Sinkevičius.
Brexit vil verka inn på fiskerisamarbeidet mellom Noreg og EU. Dette er det viktigaste temaet for møtet på måndag.
– Vi treng nye avtalar for korleis Noreg, EU og Storbritannia skal forvalte felles fiskebestandar i Nordsjøen. Eg vil understreke at desse forhandlingane må starte opp snarast mogleg. Det er mykje som må på plass innan årsskiftet, seier fiskeri- og sjømatministeren.