Presseinvitasjon: Fiskeri- og sjømatministeren til London
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 14.01.2020
Brexit, fiskeriforvaltning og sjømathandel står på programmet når fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik besøker London neste veke.
Fiskeri- og sjømatministeren vil møte sin britiske kollega George Eustice for å diskutere korleis brexit vil påverke forvaltning av fisk og handel med sjømat.
– Vi nærmar oss datoen for at britane går ut av EU. Difor må vi førebu oss på perioden etter brexit slik at handelen kan fortsette som i dag, og at marknadsåtgangen for sjømat til Storbritannia blir den same, seier Nesvik.
Viktig marknad
Fiskeri- og sjømatministeren skal også halde innlegg på arrangementet UK Norwegian Seafood Summit.
– Storbritannia er viktig for sjømatnæringa. I fjor eksporterte vi sjømat for over 6 milliardar kroner, ein auking på 3 prosent frå 2018. Dette er den høgaste årlige eksportverdien til den britiske marknaden nokon gong, og gjer landet til den femte viktigaste marknaden for norsk sjømat, seier Nesvik.
Temaet for innlegget er berekraftig fiskeri og sjømat, og auka konsum av norsk sjømat i Storbritannia. Nesvik vil også snakke om korleis norske styresmakter førebur handelen med sjømat etter brexit.
Når: 22. januar
Kor: London