Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2022

8,6 milliardar til å styrke næringslivet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Regjeringa satsar vidare på grøn vekst og omstilling, og løyver store beløp til mellom anna Grøn plattform, Nysnø, Ocean Space Center og InvestEU.

– Forsking og innovasjon i næringslivet er viktig for å skape vekst i økonomien, trygge arbeidsplassar og gode liv i heile landet, seier næringsminister Iselin Nybø (V).

Regjeringa prioriter om lag 8,6 milliardar kroner til næringsretta forsking og innovasjon i 2022. Dette er 3,7 milliardar kroner meir enn da regjeringa tok over i 2013.

Satsar på grøn vekst

I budsjettet for 2022 foreslår regjeringa å vidareføre Grøn plattform, og set av 252,7 millionar kroner for 2022 til ein ny utlysingsrunde. Regjeringa vil med dette leggje til rette for å finansiere fleire grøne prosjekt i åra framover.

– Norsk økonomi treng fleire bein å stå på, og vi vil leggje til rette for grøn vekst og eit berekraftig næringsliv. Grøn plattform er eit viktig tiltak for å sikre lønnsam grøn omstilling, seier næringsministeren.

Regjeringa vil og sette av 900 millionar kroner til ny kapital til selskapet Nysnø Klimainvesteringer.

– Utvikling og kommersialisering av ny teknologi krev tilgang på kapital og kompetanse. Saman med private investorar tilfører Nysnø begge deler. No kan selskapet investere i enda fleire verksemder som arbeider med klimavenleg teknologi, seier Nybø.

Vil starte bygging av Ocean Space Centre

Regjeringa fremmer forslag om ei løyving på 500 millionar kroner til å starte bygging av Ocean Space Centre

– Oppgraderinga av dei marintekniske laboratoria i Trondheim er eit viktig prosjekt for denne regjeringa. Prosjektet er omtala i Granavolden-erklæringa, i regjeringas langtidsplan for forsking og i regjeringas havstrategi. Ved oppstart i 2022 kan Ocean Space Centre stå ferdig i 2028, seier Nybø.

Regjeringa prioriterer EU-programmet Invest EU

For å gje norske verksemder tilgang til lån-, garanti og eigenkapitalordningar frå EU, legg regjeringa opp til brei deltaking i InvestEU-programmet. Programmet er venta å starte frå årskiftet 2021/22 og varar til 2027. I budsjettet for 2022 er det satt av 192 millionar kroner til norsk deltaking.

– Grøn omstilling går utanfor landegrensene, og deltaking i InvestEU vil bidra til å gi norsk næringsliv tilgang til dei same verkemidla som næringslivet i våre naboland. InvestEU er sentralt for det grøne skiftet og omstillinga i europeisk økonomi, seier næringsministeren.

Grøn plattform

* Regjeringa etablerte Grøn plattform i 2020, og Stortinget løyvde 1 milliard kroner fordelt på tre år frå 2020 til 2022. I RNB 2021 blei Grøn plattform styrkt med 125 millionar kroner, medrekna 25 millionar kroner til sirkulær økonomi.

* I budsjettet for 2022 foreslår regjeringa å vidareføre Grøn plattform og set av 252,7 millionar kroner for 2022 til ein ny utlysingsrunde.

* Grøn plattform er ein eigen inngang til verkemiddelapparatet for grøne prosjekt, og utgjer ein felles konkurransearena mellom Innovasjon Noreg, Forskingsrådet og Siva. Det er også eit etablert samarbeid med Enova.

* Formålet med ordninga er å skape samfunnsøkonomisk lønnsamt og berekraftig næringsliv som bidreg til grøn omstilling.

Nysnø

* Nysnø Klimainvesteringer AS vart stifta i desember 2017 som Fornybar AS. Selskapet held til i Stavanger og skal bidra til reduserte klimagassutslepp gjennom lønsame investeringar, saman med private investorar.

* Nysnø investerer i unoterte selskap og fond som bidrar direkte og indirekte til reduserte klimagassutslepp. Per september 2021 har Nysnø investert i 12 selskap og 7 fond.

* Nysnø er førebels tilført 2,4 milliardar kroner. Med ytterlegare 900 millionar kroner i statsbudsjettet for 2022 vil kapitalen auke til 3,3 milliardar kroner.

Ocean Space Center

* Dagens marintekniske laboratoria på Tyholt i Trondheim er Europas største anlegg innan undervisning, forsking og utvikling av utstyr som brukast i sjøen. Den eldste delen frå 1939 er ein tank for testing av skipsmodellar.

* Dei siste åra har det vore ei aukande oppdragsmengd innan miljø, akvakultur, offshore vindkraft, autonome fartøy og bruer/tunellar. Laboratoria er viktige bidragsytarar for å få til det grøne skiftet i havnæringane.

* I budsjettet for 2022 foreslår regjeringa foreslår 500 millionar kroner i oppstartsløyving for bygging av Ocean Space Centre.

* I november 2018 valde regjeringa løysing for fornying av dei marintekniske laboratoria på Tyholt i Trondheim. Forprosjekteringa i regi av Statsbygg blei ferdig mars 2021. Kvalitetssikring (KS2) blei ferdig mai 2021.

 

InvestEU

* InvestEU er eit nytt program som samlar og vidareutviklar finansieringsverkemiddel som lån, garantiar og eigenkapital investeringar frå 13 tidlegare rammeprogram og Det europeiske fondet for strategiske investeringar.

* Deltaking i InvestEU vil bidra til å gi norsk næringsliv tilgang til dei same verkemidla som næringslivet i våre naboland.

* Noreg har vore med på delar av dette tidlegare gjennom Horisont Europa (Innovfin), der me fekk god utteljing.

* I budsjettet for 2022 foreslår regjeringa å sette av 192 millionar kroner til ei delvis deltaking i  finansieringsprogrammet.

* EU er ikkje ferdig med utforminga av verkemidlane under programmet. Vilkåra for norsk deltaking er heller ikkje avklart. Det ventes at dette vil bli klarere fram mot oppstart ved årsskiftet 2021/22. Noreg vil når dette er klart ta endeleg stilling til kva delar av programmet me skal delta i.