Statsbudsjettet 2022
Auka openheit om eigarskap i norsk næringsliv
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 12.10.2021
I statsbudsjettet for 2022 foreslår regjeringa å løyve 11,7 millionar kroner til vidare utvikling og drift av eit register over reelle rettshavarar.
– Betre opplysningar om kven som eig eller kontrollerer norske føretak styrker dei seriøse aktørane i norsk næringsliv. Registeret vil bidra til auka openheit om aksjeeigarar og andre reelle rettshavarar, og er eit viktig tiltak for å motverke kvitvasking, korrupsjon og skattekriminalitet, seier næringsminister Iselin Nybø (V).
Reelle rettshavarar er dei fysiske personane som blir sett på å ha endeleg eigarskap eller kontroll over mellom anna selskap. Eit offentleg digitalt register vil både gjere det enklare å rapportere og få tilgang til opplysningar om reelle rettshavarar, til dømes for føretak som er rapporteringspliktige etter kvitvaskingsregelverket. Dette er ei oppfølging av EUs fjerde kvitvaskingsdirektiv og arbeidet er allereie påbegynt i Brønnøysundregistera.
For omtrent ein halv million selskap i Noreg vil innføring av registeret bety ei plikt til å registrere opplysningar om reelle rettshavarar i eigne selskap. Dette er dei personane som kan øve ein tilstrekkeleg innverknad over selskapa. Dette vil vere enkelt å identifisere for dei fleste føretak. Pliktene til å kartlegge og dokumentere kven desse er, trer i kraft 1. november 2021.
Det nye registeret skal vere tilgjengeleg for allmennheita, utan krav om innlogging eller gebyr.