Historisk arkiv

Fiskeri- og sjømatministeren besøkjer Meløy og Gildeskål 24. og 25. juni

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen besøkjer Meløy kommune torsdag 24. juni og Gildeskål kommune 25. juni. Ingebrigtsen skal besøkje ei rekkje bedrifter, og også møte ungdom som ønskjer seg ei framtid i sjømatnæringa.

Meløy 24. juni

10.00 – 11.15

Besøk hos Ecoprot

Bedriften gjer om matavfall til protein som kan nyttast som ingrediens i fôr til oppdrettsnæringa.

12.00 – 13.30

Besøk og omvising hos Aminor

Bedriften er den einaste kommersielle i verda som driv med flekksteinbitoppdrett, og har eit landbasert anlegg som omfattar heile livssyklusen frå rogn til ferdig produkt.

13.45 – 15.00

Besøk hos Sørheim Holding AS
Sørheim Holding AS er eit fiskerikonsern i Meløy med 35 tilsette og 5 lærlingar. Konsernet byggjer no ny båt for meir miljøvennleg drift.

16.00 – 17.00

Møte på Reipå havn

Her skal fiskeri- og sjømatministeren møte Meløy Fiskarlag, Reipå Knuseri  Brimo Invest, Fore Båt og Motorservice og i tillegg møte unge fiskarar.

Gildeskål 25. juni

08.15-08.45

Besøk hos Salten Marine Resource AS
Bedrifta driv eit tørkeanlegg for fiskeslam. Fiskeslamet blir tørka til eit pulver og kan brukast til for eksempel gjødsel.

10.00 – 10.30

Besøk på Salmon Center Gildeskål
Salmon Center er eit visingsanlegg for lakseoppdrett. Senteret er tilknytt Gildeskål Forskningsstasjon AS (Gifas) og ligg på Inndyr.

10.30 – 11.15

Møte med Gildeskål Forskningsstasjon AS (Gifas)

11.15 – 12.15

Møte med Meløy videregående skole, Avdeling Inndyr
Avdeling Inndyr har blant anna Vg1 Naturbruk - blå linje med "det mest avanserte skuleskipet i verda", MS. "Oscar Sund". Naturbruk kan byggjast på med utdanning innan akvakultur eller fiske og fangst.

13.00 – 13.30

Møte med Gildeskål kommune om arealplanlegging

13.30 – 14.00

Besøk på en reketråleren "Spleis" som ligger til kai i Inndyr

14.15 – 15.00

Besøk på Helgeland Smolt AS, Sundsfjord

Selskapet omset i dag for meir enn 250 millionar kronar og har 37 tilsette.