Fiskeri- og sjømatministeren til Steigen i Nordland
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 19.08.2021
Fredag reiser fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen til Steigen kommune i Nordland. Han besøker mellom anna matprodusenten Cermaq, verftet Moen og møter lokale lærlingar.
–Noreg er ein internasjonal tungvektar i å skapa verdiar av fisk og sjømat. I Steigen er det mange driftige og smarte folk som bidreg til velstanden i landet. Her er havet like mykje ein del av kvardagen som ein del av identiteten til folk. Eg gler meg til å møte folk og høyra meir om moglegheitene og verdiane som blir skapt her, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H).
Fredag 20. august.
12.00 – Omvising og bedriftsbesøk hos Cermaq ved slakteriet i Bogen,
13.30 – Statsråden møter lokalpolitikarar, næringsliv samt representantar og lærlingar frå Knut Hamsun Vidaregåande skule.
16.00 – Bedriftsbesøk hos Moen verft og Folla Alger i Helnessund
Praktisk informasjon
Presse som er interessert i å dekke delar eller heile reisa blir bedne om å ta kontakt med kommunikasjonseininga på media@nfd.dep.no eller politisk rådgivar Vanja Terentieff (995 63 100).