Forslag til endringar i behandlinga av konkurransesaker på høyring
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 01.10.2021
Regjeringa ønsker tilbakemeldingar på korleis det kan leggast til rette for best mogleg behandling av konkurransesaker. Forslaga inneber enten endringar i behandlinga av klager i Konkurranseklagenemnda eller ei utgreiing av om nemnda bør avviklast.
– Eg er godt fornøgd med Konkurranseklagenemndas arbeid. Når nemnda no har verka nokre år er det likevel god grunn til å evaluere klageordninga. Formålet med begge forslaga i høyringa er å legge til rette for ein enklare, raskare og mindre ressurskrevjande klageordning i konkurransesaker, seier næringsminister Iselin Nybø (V).
Konkurransetilsynet handhevar konkurranselova, og arbeider mellom anna for å fremme effektive marknader og å hindre misbruk av marknadsmakt. Konkurranseklagenemnda vart oppretta for å behandle klagar på vedtak fatta av Konkurransetilsynet.
To alternativ
I høyringsnotatet legg departementet fram to alternative forslag: I det eine alternativet foreslår departementet endringar i behandlinga av saker i Konkurranseklagenemnda. I det andre alternativet ber departementet om synet til høyringsinstansane på om det er grunn til å gå vidare med ei nærare utgreiing av om Konkurranseklagenemnda bør avviklast.
Høyringa er opna, og relevante aktørar kan sende innspel til oss. Les og svar på høyringa her.
I det eine alternativet foreslår departementet endringar i behandlinga av klager i Konkurranseklagenemnda. Formålet er å legge til rette for ein raskare, enklare og mindre kostbar klageordning. Det blir mellom anna foreslått å gjere det valfritt for føretak om dei vil klage vedtak frå Konkurransetilsynet inn for nemnda eller ta ut søksmål for domstolane. I dag må ei sak behandlast av Konkurranseklagenemnda før ho kan takast inn for domstolane. Etter forslaget vil den private parten sjølv kunne velje mellom nemndbehandling og domstolsbehandling. Departementet foreslår òg at ei eventuell domstolsbehandling skal starte i tingretten, ikkje lagmannsretten, slik regelen er i dag. I tillegg blir det foreslått at Konkurransetilsynet skal få høve til å prøve Konkurranseklagenemndas vedtak for retten. Departementet foreslår òg å forkorte klagefristen i konkurransesaker slik at den blir den same som i forvaltningssaker elles og å innføre ein heimel for å krevje renter på forfalne gebyr.
I det andre alternativet blir det foreslått å gå vidare med ei nærare utgreiing av om Konkurranseklagenemnda bør avviklast. Bakgrunnen for forslaget er dels det låge talet saker som har vore behandla i Konkurranseklagenemnda. Sidan skipinga i 2017 har Konkurranseklagenemnda behandla omlag éin substansiell sak i året. I tillegg er det ei utvikling i dei alminnelege domstolane, der det i større grad blir opna for spesialisering. Departementet ser derfor grunn til å be om innspelet høyringsinstansane har til om det er grunnlag for ei meir grunnleggande endring av klageordninga i konkurransesaker.