Presseinvitasjon
Næringsministeren til Hunderfossen, Moelv og Hamar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 17.06.2021
Fredag 18. juni opnar Næringsminister Iselin Nybø (V) ein ny turistattraksjonen ved Hunderfossen Eventyrpark. Deretter fer ho til bedriftene Moelven Industrier på Moelv og Eidsiva Energi på Hamar.
–No står sommaren for tur og eg veit at reiselivet er klare for å ta folk godt imot. Eg gler meg til å delta på opninga av sommarsesongen i Hunderfossen, og er spent på avdukinga av Reodor Felgens Hyperakselerator. Det blir òg kjekt å treffa dyktige folk frå bedriftene i Moelven Industrier og Eidsiva Energi, og høyra korleis dei tenkjer å gripe moglegheitene ved det grøne skiftet, seier næringsminister Iselin Nybø (V).
Program:
09:30
Avduking av Reodor Felgens Hyperakselerator og opning av sommarsesongen.
Fosskrokvegen 22, 2625 Fåberg, ved Hunderfossen Eventyrpark.
12:30
Besøk hos byggvareprodusenten og leverandør Moelven Industrier. Næringsministeren får ein presentasjon av bedrifta.
Industrivegen 2, 2390 Moelv.
13:15
Omvising ved Mjøstårnet og leilegheitskomplekset Mjøsparken i regi av Moelven Industrier.
Nils Amblis veg 1A, 2880 Brumunddal.
14:30
Besøk hos kraftselskapet Eidsiva Energi (Trehørnignen). Næringsministeren får omvising og ein presentasjon av bedrifta.
Engomsvingen 41, 2323 Ingeberg
Pressekontakt
Presse som ynskjer å dekke besøket kan kontakte kommunikasjonsrådgjevar Tore Becker på 404 97 916 eller Tore.Becker @nfd.dep.no.