Presseinvitasjon: Næringsministeren til Lund og Egersund 14. juni
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 14.06.2021
Måndag 14. juni besøkjer næringsminister Iselin Nybø (V) bedrifter i Lund og Egersund.
Nybø startar dagen hos Norge Mining på Heskestad i Lund kommune. Bedrifta har ein visjon om å bli ein global leiar innan henting og utvikling av verdifulle mineral ved hjelp av moderne og sensitive gruvedriftsmetodar. Dei fokuserer innsatsen på tre ressursar som har høg etterspørsel over heile verda: vanadium, fosfat og titan.
Deretter besøkjer næringsministeren Grand Hotell Egersund, der ho får ei orientering om reiselivet i regionen.
Nybø besøkjer også Egersund Næringspark Langholmen, der ho skal ha møte med bedriftene Energy Innovation, Egersund Næringspark og Aker Solutions.
Program
09.00 Besøk hos Norge Mining på Heskestad i Lund kommune.
12.30 Møte om reiseliv på Grand Hotell Egersund
13.40 Besøk på Egersund Næringspark Langholmen og møte med bedriftene Energy Innovation, Egersund Næringspark og Aker Solutions.
Pressekontakt
Kommunikasjonsrådgivar Halvard Wensel på 971 80 784 eller e-post halvard.wensel@nfd.dep.no