Presseinvitasjon:
Fiskeri- og sjømatministeren til Tromsø 31. august
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 30.08.2021
Korleis vi kan få til meir klimavennleg transport av norsk laks og besøk på Barnas Sjømatrestaurant står på agendaen når fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen besøker Tromsø tysdag 31. august.
Nofima
Forsking, næring og politikk møtest i Tromsø for å diskutere korleis vi kan få til meir klimavennleg transport av norsk laks. Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen får servert fersk kunnskap i form av korte foredrag og demonstrasjon av superkjøling av laks.
Tid: 10:00 - 11:30
Kvar: Forsøkshallen på Nofima, Tromsø
Tema: Slik kan vi drastisk redusere klimaavtrykket frå transport av laks
Program:
- Divisjonsdirektør Magnar Pedersen ønsker velkomen
- Nofima-forsker Bjørn Tore Rotabakk fortel om forskingsprosjektet og om dei ulike metodane som kan redusere klimaavtrykket til norsk laks
- Arild Aakre, salssjef i Cermaq, fortel om marknadsperspektivet når det gjeld klimavennleg transport av laks
- Stine Torheim, fabrikksjef Grieg Seafood Alta, fortel om erfaringar og utfordringar med superkjøling. Grieg var dei første i Noreg til å kjøpe utstyr
- Nofima viser fram superkjølt laks (både filet og heil laks)
Barnas Sjømatrestaurant
Tysdag 31. august blir Barnas Sjømatrestaurant arrangert i Tromsø. 16 barn i alderen 6 -10 år skal lage middag med tre rettar. Blant gjestene som får smake på barna sitt sjømatmåltid er sjømatministeren.
Tid: 13.30 - 15.00
Kvar: Ishavsbyen vidaregåande skule, Breiviklia 1, 9019 Tromsø