Statssekretær Danielsen til Karmøy
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 09.09.2021
Statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet Trine Lotherington Danielsen besøker Karmøy i Rogaland fredag 10. september.
– På Karmøy er folk og næringsliv oppe både seint og tidleg for å skape verdiar for sjømatnasjonen Noreg. Her blir det mellom anna laga fiskemjøl av høg kvalitet og moderne fiskereiskap. I tillegg blomstrar det her ei produktiv oppdrettsnæring. Eg gler meg til å treffe folk frå Karmøy og høyre meir om moglegheitene som dei skaper her, seier statssekretær Trine Lotherington Danielsen.
Program:
09.30: Møte med fiskebåtreiarlaget Cetus AS med kontor i Kopervik.
11.45: Besøk ved fiskeri- og containerhamn på Husøy, og omvising på det nye fiskemjøl- og fiskeoljefabrikken ved Karmsund Protein.
12.30: Besøk ved fiskereiskapsprodsent Åkrehamn Trålbøteri ved Karmsund Fiskerihavn.
13.30: Omvisning ombord den moderne fisketrålaren M/S Cetus.
16.00: Møte med fiskerinæringa, fiskarar, fiskebåtreiarar og utstyrsleverandørar i auditorium ved Husøy Fiskerihavn.