Statssekretær Sunde-Eidem til Molde tysdag 7. september
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 06.09.2021
Grøn omstilling er tema når statssekretær Lucie Katrine Sunde-Eidem i Nærings- og fiskeridepartementet besøker ulike verksemder i Molde 7. september 2021.
Norske verksemder har sett i gang mykje bra arbeid for grøn omstilling. Dette skal eg sjå nærmare på i mine besøk i Molde. Eg ser fram mot å høyre meir om korleis verksemder i reiselivet og oppdrettsnæringa handterer dette, i tillegg til kva ein produsent av skipspropellkomponentar gjer for å ta meir ansvar for den grøne skifte og korleis det dannar grunnlaget for viktig verdiskaping i Møre og Romsdal, seier Sunde-Eidem.
Presse som er interessert i å dekke delar eller heile reisa kan ta kontakt med kommunikasjonseininga på media@nfd.dep.no eller 902 51 303 (ikkje SMS).
Program tysdag 07. september
12.00 -13.00 Statssekretæren besøker Oshaug Metall AS, Grandfjære 20, Molde
13.30 – 14.30 Statssekretæren besøker DID AS, Fannefjordsveien 118, 6421 Molde
15.00 – 17.00 Statssekretæren besøker Salmon Evolution produksjonsanlegg på Indre Harøyvegen 88, Bud.