Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2022

Styrker satsinga på teknisk-industrielle institutt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Regjeringa foreslår å styrke grunnløyvinga til teknisk-industrielle institutt med 29,2 millionar kroner, til 486,6 millionar kroner i statsbudsjettet for 2022.

– Målet er å styrke evna til langsiktig kunnskapsoppbygging på område av verdi for nyskaping og omstilling i næringslivet, seier næringsminister Iselin Nybø (V).

Regjeringa har auka grunnløyving til teknisk-industrielle institutt kvart år dei siste fire åra.

Auka til 486,6 millionar kroner i 2022 følgjer opp ambisjonane til regjeringa i Langtidsplanen for forsking og høgre utdanning. I 2021 blei det gitt 457,4 millionar kroner i grunnløyving, som var 50 millionar kroner meir enn i 2020.

Auka på 29,2 millionar kroner i 2022 inkluderer opptaket av treforedlingsinstituttet RISE PFI i Trondheim, som får ei grunnløyving på 3,43 millionar kronar i opptaksåret 2022.

Viktig for forsking og innovasjon

Forskingsinstitutta er ein sentral del av det norske forskings- og innovasjonssystemet. Instituttsektoren er samarbeidspartner og leverandør av FOU-tenester for næringsliv og offentleg sektor, og hjelper til å overføre teknologi og kompetanse mellom aktørar.

– Dei teknisk-industrielle institutta dekker eit breitt fagområde innanfor naturvitskap og teknologi. Dei opererer ofte på internasjonalt nivå, og er ein viktig aktør for å hente heim ny kunnskap til norsk næringsliv. Eksempel på slike institutt er SINTEF, Norges Geotekniske Institutt, Institutt for Energiteknikk og Norce, seier næringsministeren.

Inntektene til dei teknisk-industrielle forskingsinstitutta kjem i stor grad frå oppdrag frå etablerte verksemder. Grunnløyvinga gjer det mogeleg for institutta å gjere langsiktige investeringar i kunnskap der det førebels er liten etterspurnad i marknaden.

Nærings- og fiskeridepartementet gir grunnløyvingar til forskingsinstitutt gjennom Noregs forskingsråd.

Teknisk-industrielle institutt som får grunnløyving er:

  • Institutt for energiteknikk (IFE)
  • Norce (den teknisk-industrielle arenaen)
  • Norges Geotekniske Institutt (NGI)
  • NORSAR
  • Norsk Regnesentral (NR)
  • RISE-PFI
  • SINTEF
  • SINTEF Energi
  • SINTEF Manufacturing
  • SINTEF Ocean (den teknisk-industrielle arenaen)