Statsbudsjettet 2022
Vidarefører fritak frå kontrollavgift for den minste flåten
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 12.10.2021
Regjeringa vil at fartøy under 15 meter framleis skal vere friteke for kontrollavgift i 2022. Dette kjem av dei nye krava til sporing og rapportering for flåtegruppa.
– Ved å vidareføre fritaket frå kontrollavgifta, tek vi omsyn til dei totale kostnadane for denne flåtegruppa, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.
Kontrollavgifta for fiskeflåten vart teken opp att i statsbudsjettet for 2021, etter tilråding frå fiskerikontrollutvalet. Avgifta finansierar reforma av fiskerikontrollen. Fartøy under 15 meter vart friteke for avgift i innføringsåret av omsyn til den planlagde innføringa av nye rapporteringskrav for denne flåtegruppa.
Nye krav frå 1. juli
Det er no forskriftsfesta at fiskeflåten under 15 meter gradvis kjem til å få krav om posisjons- og fangstrapportering på lik linje med flåten over 15 meter frå 1. juli 2022. Det krev investeringar i utstyr og programvare. Regjeringa foreslår difor å vidareføre fritaket i 2022.
Det er berekna at avgifta vil gi ei inntekt på 40,5 millionar kroner i 2022. Når fritaket avviklast, vil provenyet auke med om lag 11 millionar kroner til ytterlegare styrking av ressurskontrollarbeidet.