Statsbudsjettet 2022
Vil styrkje forsking på framtidas havbruk
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 12.10.2021
Regjeringa foreslår å omprioritere 42 millionar kroner på Forskningsrådets budsjett til styrking av kunnskapsgrunnlaget for utvikling av framtidas havbruk.
– Med dei nye miljøvenlege løyvene har regjeringa lagt til rette for at havbruksnæringa kan ta i bruk nye område og utvikle ny teknologi. No følgjer vi opp med å styrkje forskinga på framtidas havbruk, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.
Satsinga følgjer opp regjeringas havbruksstrategi Et hav av muligheter.
– Målet er å auke berekraftig matproduksjon fra havbruk. For å leggje til rette for vekst treng vi meir kunnskap, mellom anna om teknologi, fôr, fiskevelferd og effektar på økosystema, seier fiskeri- og sjømatministeren.
Satsinga vil bidra til å styrkje kunnskapsgrunnlaget for å utvikle havbruksnæringa, og dermed leggje til rette for auka verdiskaping.