Norge og Brasil styrkar forskingssamarbeidet innan olje og gass
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Nyheit | Dato: 27.11.2015
Norges forskningsråd og deira brasilianske motpart Finep gjennomfører for første gong ei fellesutlysing retta mot innovasjonsprosjekt hos verksemder i Norge og Brasil. Søknadsfristen er 25. mai 2016.
Fellesutlysinga vil i hovedsak rette seg mot tre tematiske område: subsea technology, environmental technology og increased oil recovery. 10 millionar kroner vil bli stilt til disposisjon for dei norske søkarane. Eit tilsvarande beløp vil vere tilgjengeleg for dei brasilianske søkarane.
Fristen for å sende inn skisser er 23. mars 2016, medan søknadsfristen er sett til 25. mai 2016. Vilkår for utlysinga vil bli publisert av Forskningsrådet.
Utlysinga blei annonsert av direktør for petroleumsavdelinga i Norges forskningsråd, Siri Helle Friedemann, og direktør for innovasjon i Finep, Elias Ramos de Souza under Novemberkonferansen i Rio De Janeiro 23. november. Temaet for konferansen var norsk-brasiliansk samarbeid om forsking, utvikling og innovasjon i olje- og gassektoren, også kalla BN21. Dette var tredje gong ein slik konferanse blei arrangert i fellesskap av brasilianske og norske FoU-aktørar. Olje og gass var også eit viktig element under HKH Kronprins Haakon sitt offisielle besøk til Brasil tidlegare i november. Statssekretær i Olje- og energidepartementet, Kjell-Børge Freiberg deltok også under dette programmet.
Statssekretær Kjell-Børge Freiberg held innlegg på Petrobras sitt forskningssenter CENPES i Rio. Frå venstre: næringsminister Monica Mæland, forskar ved NMBU (Norges miljø- og biovitenskapelige universitet) Pål Johan From, Statoils landssjef i Brasil Pål Eitrheim, den norske ambassadøren til Brasil Aud Marit Wiig, H.K.H. Kronprins Haakon, leiar for CENPES Andres Lima Cordeiro (Foto: JF/OED).
I 2013 signerte Olje- og energidepartmentet ein forskings- og teknologiavtale innan olje og gass med det brasilianske Vitskapsdepartementet Dei to landa skal gjennom samarbeidet utvikle morgondagens teknologiske løysingar for olje- og gassindustrien. På norsk side er Statoil, norske universitet, norske forskningsinstitutt og norsk leverandørindustri involvert, i tillegg til Forskningsrådet og Innovasjon Norge.
Forskningsrådet har i tillegg inngått avtalar med sine brasilianske motpartar FINEP og CNPq. Avtalane opnar for eit tettare samarbeid mellom begge lands verkemiddel og skal bidra til gjennomføring av felles utlysingar. Første utlysing er venta å finne stad i løpet av 2016.