Konsesjon for bygging av Rafoss kraftverk i Kvinesdal
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Nyheit | Dato: 30.09.2016
Sira Kvina kraftselskap DA har i dag fått konsesjon til å bygge Rafoss kraftverk i Kvinesdal kommune i Vest-Agder. Kraftverket vil levere kraft som svarar til forbruket til om lag 1900 norske husstandar.
Utbygginga vil bidra positivt med produksjon av fornybar energi med ein kraftproduksjon på om lag 38 Gigawattimar (GWh).
- Produksjonen svarar til forbruket til om lag 1900 husstandar. 70 prosent av den vil vere regulerbar kraft produsert om vinteren. Dette er særleg verdifullt for forsyningstryggleiken. Tiltaket medfører auka kraftproduksjon i eit allereie regulert vassdrag og sikrar dermed ei effektiv ressursutnytting, seier olje- og energiminister Tord Lien (FrP).
Omsynet til landskap og biologisk mangfald blir ivaretatt med dagens minstevassføring. For at kraftverket ikkje skal medføre vesentlege verknader for fisk, blir det pålagt å etablere løysingar som hindrar tap av smolt og vinterstøing i kraftverket.