Lien på EU-ministermøte om framtidas kraftmarknad
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Olje- og energidepartementet
Nyhet | Dato: 11.04.2016
Framtidas europeiske kraftmarknad var hovudtema under EU sitt uformelle energiministermøte i Amsterdam måndag. Olje- og energiminister Tord Lien hadde også eit eige møte med den nederlandske økonomiministeren Henk Kamp.
Nederland, som for tida har formannskapet i EU-ministerrådet, hadde invitert energiministrane til å diskutere EU-energimarknadens framtid. Hovudspørsmåla var korleis den nye modellen for kraftmarknaden skal sjå ut og kva rolle regionale marknadar skal spele i utviklinga av EUs indre energimarknad.
- EU er ikkje berre den viktigaste marknaden for norsk gass, vi er også ein integrert del av EUs indre energimarknad. Samtidig er samarbeidet i Nordens kraftmarknad ein god modell for regionalt samarbeid i Europa. For oss er det derfor viktig å vere med på diskusjonane om den vidare utviklinga av EUs energiunion. Både fordi EU-reglene berører oss direkte og fordi vi prøver å påverke utviklinga i EU, seier olje- og energiminister Tord Lien.
På møtet la dei nordiske ministrane fram eit felles posisjonspapir om utforminga av kraftmarknaden og regionalt samarbeid.
I margen av møtet hadde Lien også samtalar med sin nederlandske kollega Henk Kamp. Her var norsk gasseksport til EU, samt karbonfangst og -lagring (CCS) viktige tema.
"familiefoto" av energiministrane, foto: OED/gaer
Tord Lien i samtale med EU sin klima- og energikommissar Miguel Arias Cañete, foto: OED/gaer