- Nært og omfattande samarbeid med Brasil
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Nyheit | Dato: 09.11.2017
Statssekretær Ingvil Smines Tybring-Gjedde har denne veka deltatt under den første Norwegian-Brazilian Business and Science Week i Rio de Janeiro.
I Rio har statssekretæren mellom anna hatt møte med sin brasilianske motpart i Gruve- og energiministeriet, Marcio Felix Bezerra. Tybring-Gjedde møtte også norske aktørar som er aktive i Brasil, både innan petroleumssektoren, fornybar energi og finans.
- Nærings- og forskingssamarbeidet bygger vidare på den allereie tette relasjonen vi har til Brasil. Dette er ein av dei største marknadane for norsk leverandørindustri, og det er heilt tydeleg at norsk kompetanse er etterspurt i Brasil. Norge og Brasil møter mange av dei same utfordringane når det gjeld olje- og gassutvinning offshore, og har mykje å vinne på eit nært og omfattande bilateralt samarbeid, seier statssekretær Ingvil Smines Tybring-Gjedde.
Statssekretær Ingvil Smines Tybring-Gjedde held innlegg under Norwegian-Brazilian Business and Science Week i Rio (foto:OED).
Ein ny rapport utarbeida av analyseselskapet Rystad Energy for Olje- og energidepartementet viser at Brasil var den nest største marknaden for norsk petroleumsretta leverandørindustri i 2016. Norske firma omsette i 2016 for 19 milliardar kroner i Brasil. Subsea utstyr og –installasjon, topside og prosessutstyr, transport og logistikk og operasjonelle og profesjonelle tenester var viktige segment i Brasil.