- Styrka konkurransekraft i leverandørindustrien
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Nyheit | Dato: 06.02.2017
Olje- og energiminister Terje Søviknes møtte viktige aktørar i leverandørindustrien då han deltok under Offshore strategikonferansen i Stavanger i dag.
I sitt innlegg understreka Søviknes at dei vanskelege tidene som næringa har opplevd som følgje av oljeprisfallet ikkje er over. Samtidig peika han på at mykje godt arbeid er gjort for å tilpasse seg eit nytt kostnadsnivå.
- Det er all grunn til å rose den innsatsen som er gjort av leverandørindustrien, saman med oljeselskapa, for å redusere kostnadsnivået. Industrien har sjølv tatt eit krafttak for å styrke konkurranseevna. Det at mange av kontraktane i nye prosjekt har gått til norsk leverandørindustri, mellom anna i den store Johan Sverdrup-utbygginga, viser tydeleg at industrien har blitt meir konkurransedyktig, seier olje- og energiminister Terje Søviknes (FrP).
Terje Søviknes under Offshore strategikonferansen (foto:HEV/OED).
Statsråden la også vekt på behovet for å sikre at ein har kompetent arbeidskraft i næringa også i åra framover.
- For at industrien skal kunne halde fram med å spele ei stor rolle også i framtida, må vi klare å halde på den kompetansen som allereie finst i næringa. Samtidig er vi heilt avhengige av å rekruttere dei kloke hovuda og dei flinke hendene vi treng til morgondagen. Får vi til dette, har vi eit godt grunnlag for stor verdiskaping i norsk leverandørindustri i lang tid framover, seier olje- og energiminister Terje Søviknes (FrP).
Paneldebatt under Offshore strategikonferansen. F.v. Kjetil Alstadheim, Knut Sunde, Terje Søviknes, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen og Hans-Christian Gabrielsen. (foto: HEV/OED)