Tettare nordisk energisamarbeid på europeisk nivå
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Nyheit | Dato: 23.11.2017
Olje- og energiminister Terje Søviknes møtte sine nordiske kollegaer under det nordiske energiministermøtet i Oslo den 23. november.
Møtet stadfesta det gode samarbeidet mellom landa, og ministrane blei også einige om å jobbe endå tettare saman om energisaker på den europeiske arenaen.
Les heile uttalen frå energiministrane etter møtet.
F.v.: Kimmo Tiilikainen, Dagfinn Høybråten, Camilla Gunell, Anders Hoffmann, Terje Søviknes, Þórdís Kolbrún R. Gylfadóttir and Ibrahim Baylan (foto: Matts Lindqvist).