Historisk arkiv

Avslag til tre småkraftverk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Olje- og energidepartementet har fredag 10. september fatta vedtak i tre saker knytt til utbygging av vasskraftverk.

Strindelva kraftverk

Departementet har opprettheldt NVE sitt avslag til bygging av Strindelva kraftverk i Snåsa kommune i Trøndelag. Departementet meiner at ein utbygging vil ha for store konsekvensar for reindrift og landskap. Bøtende tiltak i form av vassvei i tunnel vil auke kostnadane vesentleg og ikkje redusere ulempene for reindrift i tilstrekkeleg grad.

 

Folla kraftverk

Departementet har opprettheldt NVE sitt avslag til bygging av Folla kraftverk i Folldal kommune i Innlandet. Departementet meiner at ein utbygging vil ha for store konsekvensar for naturmangfald og brukarinteresser. Ein utbygging vil også redusere samfunnsnytten av tiltak for å redusere forureiningsbelastninga til Folla frå tidlegare gruveverksemd i Folldal.

 

Nøvedalselva kraftverk

Departementet har opprettheldt NVE sitt avslag til bygging av Nøvedalselva kraftverk i Ørsta kommune i Møre og Romsdal. Departementet meiner at ein utbygging i for stor grad vil redusere verdien av Nøvedalselva som eit viktig landskapselement i Standaldalen og Hjørundfjorden.