Utdrag frå olje- og energiminister Tord Lien sin kalender for veke 48
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Nr: 068/16 | Dato: 25.11.2016
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Måndag 28. november
Olje- og energiminister Tord Lien møter den russiske ministeren for naturressursar og miljø, Sergej Donskoj.
Donskoj besøker Oslo søndag og måndag 27.-28. november. Han innleiar besøket med eit møte søndag med klima- og miljøminister Vidar Helgesen om det bilaterale miljøsamarbeidet. Måndag møter han olje- og energiminister Tord Lien for å ha samtalar under Energidialogen om petroleumsverksemda i nordområda og andre saker av felles interesse. Måndag møter Donskoj også næringsminister Monica Mæland for å diskutere det økonomiske samarbeidet og arbeidet i den norsk-russiske regjeringskommisjonen for økonomisk, industrielt og forsknings- og teknologisamarbeid.
Pressekontaktar i samband med besøket: OED: kommunikasjonsrådgjevar Ella Bye Mørland (tlf. 93268350),NFD: kommunikasjonssjef Trond Viken (tlf. 99218303), KLD: kommunikasjonssjef Jon Berg (tlf. 90569495).
Tysdag 29. november
Olje- og energiminister Tord Lien besøkjer Skogn saman med statsministeren og fiskeriministeren. Det vert presentasjon av regjeringa sin bioøkonomistrategi og nedlegging av grunnsteinen for Biokrafts nye biogassfabrikk.
Tid: 11.30.
Stad: Sjøvegen 108, Skogn.
For meir informasjon, kontakt kommunikasjonsrådgjevar Håkon Smith-Isaksen på telefon 415 73 500.
Onsdag 30. november
Olje- og energiminister Tord Lien mottar den nye OG21-strategien og held innlegg under OG21-forum i Oslo.
Tid: 09:25.
Stad: Radisson Blu Scandinavia Hotel i Oslo.
For meir informasjon, kontakt pressevakta på telefon 415 73 500.
Torsdag 1. desember
Olje- og energiminister Tord Lien held innlegg under Desemberkonferansen i Kristiansund.
For meir informasjon, kontakt pressevakta på telefon 415 73 500.