Utdrag frå olje- og energiminister Tord Lien sin kalender for veke 6
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Nr: 004/16 | Dato: 05.02.2016
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Torsdag 11. februar
Olje- og energiminister Tord Lien vitjar Sleipner-plattforma saman med Maroš Šefčovič, EUs visepresident for Energiunionen.
Seinare same dag vitjar statssekretær Ingvil Smines Tybring-Gjedde, Šefčovič og EØS- og EU-minister Elisabeth Aspaker Kvilldal kraftverk i Suldal i Rogaland.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Ella Bye Mørland, tlf. 993 26 350.
Fredag 12. februar
Olje- og energiminister Tord Lien held innlegg på Oslo Energy Forum sin ministersesjon på Holmenkollen Park Hotel. I same sesjon skal også visepresident i EU sin Energiunion Maroš Šefčovič og Minister of State i energi- og klimadepartement i Storbritannia Andrea Leadsom halde innlegg. Kl. 10.20 vil det bli halde ein pressekonferanse på konferansehotellet.
Frå kl. 14.30-15.30 skal det vere eit ope seminar med olje- og energiminister Lien og visepresident Maroš Šefčovič på Litteraturhuset i Oslo.
Pressekontaktar er kommunikasjonssjef Ole Berthelsen, tlf. 930 26 847 og kommunikasjonsrådgjevar Ella Bye Mørland, tlf. 993 26 350.