Utdrag frå olje- og energiminister Tina Brus kalender for veke 38
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Nr: 055/20 | Dato: 11.09.2020
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Måndag 15. september
Olje- og energiminister Tina Bru deltar på lansering av eit prosjekt hos Norsk Industri som skal stimulere til utbygging av havvind på norsk sokkel. Prosjektet har fått støtte av Olje- og energidepartementet og statsråden vil møte styregruppa på Hotel Bristol i Oslo.
For meir informasjon, kontakt kommunikasjonsrådgjevar Ingrid Lønrusten Rogstad på e-post: ilr@oed.dep.no // tlf: +47 934 89 225.
Fredag 18. september
Olje- og energiminister Tina Bru møter den svenske energi- og digitaliseringsministeren Anders Ygeman til eit bilateralt møte i Oslo. Tema for møtet er elsertifikatsystemet, den nordiske kraftmarknaden, CCS og EU-spørsmål.
For meir informasjon, kontakt kommunikasjonsrådgjevar Margrete Løbben Hanssen på e-post mlh@oed.dep.no eller tlf 928 57 891.