Byvekstavtale for Nord-Jæren signert i dag
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Nyheit | Dato: 28.09.2017
Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen, kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner og fylkesordførar i Rogaland Solveig Ege Tengesdal signerte i dag ei byvekstavtale for Nord-Jæren.
Frå avtalesigneringa. Frå venstre kommunal og moderniseringsminister Jan Tore Sanner, fylkesordførar i Rogaland Solveig Ege Tengesdal og samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen. Foto: SD/TLM
Byvekstavtalen gjeld for perioden 2017-2023 og er forhandla fram av staten ved Statens vegvesen og Jernbanedirektoratet og representantar frå Rogaland fylkeskommune og dei fire kommunane på Nord-Jæren (Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg). Bypakke Nord-Jæren blir en del av avtalen.
- Forhandlingspartane har gjort ein viktig og god innsats, og avtalen vil ha mykje å sei for Nord-Jæren. Staten vil gå inn med rekordstor statleg støtte til utvikling av betre kollektivløysingar og sykkelinfrastruktur. Det vil auke kapasiteten i kollektivtransportsystemet og gi betre mobilitet for alle, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.
- Byvekstavtalen er viktig for å sikre effektiv planlegging og betre samarbeid mellom staten og kommunane. Det er viktig for å kunne handtere byveksten og sjå samanhengen i planlegging av areal, transport og utvikling av gode bymiljø, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.